Endeleg idividuelt VM-gull til Odd-Bjørn


Med god hjelp av lagkameraten Frode Estil (t.v.) lukkast det endeleg Odd-Bjørn Hjelmeset å ta ein idividuell gullmedalje i eit internasjonalt meisterskap på ski. Etter ein forrykande stakespurt detroniserte han den regjerande verdsmeisteren frå Oberstdorf-VM for to år sidan og tok den gjevaste plassen på sigerspallen med Estil på sølvplass og tyskaren Jens Filbrich på bronseplass. Foto: EPA Foto: Reuters

Endeleg lukkast det Fjellhug/Vereide-Hyen-løparen, Odd-Bjørn Hjelmeset, å ta eit individuelt VM-gull. Etter ein dramatisk sluttspurt mot lagkameraten, Frode Estil, på femmila i Sapporo, kunne han innkassere den gjevaste medaljen.

Det oppstod dramatikk då tre og ei halv av dei fem mila var gått og Hjelmeset slost i ei tetgruppe på ni løparar. Den eine skia hans vart nesten avbroten under bindingen, og spennet naturlegvis borte. Han fekk problem med å halde følgje med feltet, og det vart klart at han måtte ha ei ny ski. Landslagstrenar Morten Aa Djupvik stod med veteranen si reserveski ute i løypa, og fekk seg ein skikkeleg springmarsj tilbake til serviceområdet. Der fekk han preparert skia og sto klar då Hjelmeset kom inn på stadion for å runde vel tre kilometer seinare.

Rekordraskt skibyte
Medan Hjelmeset og Djupvik fekk bytta ski på nokre få sekund, gjekk den gode lagkameraten Estil i tet og bremsa feltet slik at Odd-Bjørn fekk rask kontakt utan at det kosta for mykje krefter. Ein runde før mål rykte tsjekkaren Lukas Bauer, og ei stund såg det ut til at det berre var Glopparen som greidde å følgje. Estil sleit fælt med å få kontakt, men så roa dei to i tet ned tempoet att og både Estil og dei to andre (Bauer og Filbrich) fekk kontakt.

Det avgjerande rykket
I den siste bakken kom eit "Estil spesial"-rykk, og berre Odd-Bjørn greidde å følgje. Dei to nordmennene fekk ei skikkeleg luke, og det vart eit spurtoppgjer dei i mellom om gullet. Denne gongen var det Odd-Bjørn som hadde mest krut i armane, og 36-åringen staka seg inn til si første individuelle gullmedalje i eit VM.

- mheim -