|
Sverre Folkestad sin tale i Hyen 17.mai 2003
Godt folk! Gratulerer med dagen! Heilt frå eg var liten har eg hatt eit forhold til Hyen, eller kanskje rettare eg har hatt eit forhold til hyarar. I Gloppen har vi Hyebruket på Arnestad og vi har HyOlabruk både på Sande og på Austrheim. På Folkestad, der eg voks opp i 50 og 60-åra, hadde vi også eit Hyebruk, eit HyOlabruk faktisk, sjølv om vi ikkje brukte det namnet. Garden heitte Monsgarden, og i Monsgarda budde hyarane våre. Han Ola og ho Berta Gjengedal. Ola, som var vegvaktar og gardbrukar, var frå Gjengdalen og Berta frå Ommedalen. Vaskeekte hyarar begge to med andre ord. Desse to var vel det nærast vi kom til det eksotiske på Folkestad i min oppvekst. Det slong ein og annan innflyttaren elles og, helst koner. Det fanst dei som hadde vore over Stigedalen, trass i dårleg vegstandard, og funne seg koner på Hjelle eller i Heggjabygda eller på Eid. Det fanst til og med dei som hadde vore heilt til Sogn. Bestemor mi kom frå Utvær i Solund, og ei av tantene mine kom heilt frå Trøndelag, frå Stjørdalen. Men at begge ektefellar var vekkaifrå, det var eit særsyn, og gav nok familien i Monsgarda ein spesiell status. På Folkestad var vi på førenamn med alle, det var han Hole-Johan, han Løndals-Eljas, han Åsebø-Andreas og han Kristen-Arne. Men så var det to vi titulerte med etternamn, det var han Gjengedal og han Howlid. I parentes kan vi nemne at han Howlid var ferjeskipper og innflyttar frå Hareid. Ho Berta heitte forresten Berta og ikkje fru Gjengedal. Så var det endå ein ting som skilde innflyttarane i Monsgarden frå oss hine. Dei snakka så rart. Det eine var at dei hadde sånt rart tonefall, dei song slik. Og så sa dei eg der vi sa ej. Dei sa vi der me sa me, dei sa har der vi sa he, og så meiner eg dei sa sjert du, i alle fall han Ola. Etter at eg flytta til Gloppen meinte eg lenge at eg mishugsa meg. Det var kanskje sjedu dei sa, slik dei gjer på Sørstranda, men så kom eg over uttrykket sjert du ei bok med gamle ord og uttrykk frå Breim, så kanskje hugsar eg rett likevel. Men det raraste av alt var at dei sa kufort der vi sa koffert. Det var rart det, nesten like rart som det dei sa far og son som kom frå Sykkylven for å sjå på fasanane til eldste bror min. Dei sa honder i staden for hondrede. Då kasta yngste bror min eg oss ned bak bringebærbuskene, og det var nummeret før vi strauk med av lått. Som de skjønar, toleransen for det som var annleis var ikkje mykje stor. Det skulle ikkje mykje til av avvik før vi smågutane la merke til det og gjorde det opp i lått og løye. Så einsarta var det samfunnet vi voks opp i. Før vi heilt sleppe ho Berta og han Ola må eg kome med ein "betruelse", som kanskje er litt av forklaringa på at eg har ei så positiv oppfatning av hyarar. Berta og Ola hadde ei døtte og fire døttedøtre. Dei to eldste døttedøtrene var litt yngre enn meg, og det er no betruelsen kjem. Nummer to var lita, lyshåra og snerten og hivande flink til å danse sving. Vi kom vel ut av det med kvarandre på dansegolvet og utvikla etter kvart våre eigne turar, litt avanserte, meinte vi sjølve i alle fall. Og eg får vel berre innrømme at eg var aldri så lite forelska ei tid. Men det var nok enveis. Trur de ikkje ho valde ein volding! Vel, vel lukke på reisa. Ho har det godt i Stavanger, eg har det godt i Gloppen. Ville ikkje vore mitt levde liv forutan. Til det beste alt seg snu heiter det. No var ikkje ho Berta og han Ola dei einaste gjengdølene eg møtte i min barndom. Frå midt i 50-åra då eg tok til å bli lesefør, var det ein annan Gjengdøl eg og vart kjend med. Det var forfattaren Knut Gjengedal. Kronhjorten og andre soger, Mine fjell og mine dalar, Glomfolket og Bortanfor Blåbreen, utgjevne på Norsk barneblads Forlag dei fleste, med teikningar av Solveig Muren. Bortanfor Blåbreen tykte eg var ein spennande tittel, ein dragande tittel. Undrer meg på hva jeg får å se over de høye fjelle, skreiv Bjørnstjerne Bjørnson. Bortanfor Blåbreen skreiv Knut Gjengedal. Ligg utruleg mykje i desse to orda. Noko kaldt og farleg, men og noko spennande og forlokkande. Ei dragning mot det framande og ukjende der ute i verda ein stad. Det framande lokka den gongen, og det framande lokkar i dag. Har lese opp att både Bortanfor Blåbreen og andre av bøkene hans Knut Gjengedal i vaksen alder. Og bøkene står seg. Han er ein utruleg fin observatør både av menneske og av natur. Naturskildringane vitnar om kjennskap både til landskap og til dyr, og menneskeskildringane vitnar om innsyn både i barnesinn og vaksensinn. I vaksen alder, og etter at eg flytte til Gloppen, har eg vorte kjend med endå ein hye-forfattar, Sigurd Rønnekleiv. Dikta hans fortel om ein ordflink og reflektert ung mann. Høyr berre: Menneska irest so vegville kring - Dette vart skrive rundt 1930, men det kunne like gjerne vore skrive i dag, så allmennmenneskeleg er det. Og modne og velforma tankar av ein som berre vart 26 år. Ja, dette var innleiinga. No skal vi byrje på sjølve talen, så de skjønar, dette kan bli langtekkjelege greier. Først eit lite dikt: Vestlandet Dette diktet fann eg i diktsamlinga "Dei lækjande urteorda" av Elling Vanberg. Elling Vanberg som døde i 1993, var bonde og diktar og vi kan godt legge til, kvardagsfilosof, frå Olden. Eg trur at dei fleste av oss ville skrive under på desse orda. Og ein dag som 17. mai er vi vel litt ekstra glade i heimbygda vår, i landsdelen vår og i landet vårt. Men kanskje var det fleire enn oss vestlendingar som ville murre om nokon ville leggje ned bygda eller landsdelen deira. Og kanskje er det ikkje berre på Vestlandet vi kan få "10 toms lukke or eit fem toms liv." Eg er vel helst ein heimføding, eg likar meg svært godt heime. Og no er eg heime på to stader. Fødd og oppvaksen på Folkestad på Sunnmøre, levde dei 22 første åra av livet mitt der. Dei siste 26 har eg budd i Gloppen, men i 7-8 år farta eg litt rundt, mest i Norge, men også litt i utlandet, og eg tenkte at eg no ville ta dokke med til nokre av dei stadene eg har budd på eller besøkt. Desse plassane og dei menneska eg møtte der har gitt meg verdifulle tankar og impulsar. Tankar og impulsar som eg vil dele med dokke. I eit år budde eg i Newcastle i Nord-England. Studerte der saman med 29 andre nordmenn og -kvinner. Det som slo meg då eg kom til Newcastle var at her var det flatt, fole flatt so me seie på Sunnmøre. "Jag trivst best i øppna landskap," seier ein svensk visediktar. I Newcastle var det for "ope" for meg. Kan hugse at eg tykte det var noko gale med månen. Han hang der berre stor og gul og heilt åleine, ingen fjell og ingen åsar. Eg var van med at månen skulle kikke forsiktig opp over Rossethornet, Han skulle glitre over snølagde bakkar og stille Austefjord. Han skulle leike sisten med drivande uversskyer. Han skulle dukke ned bak Krumsvikhornet og kome fram att i skaret før Hamrane. Her i dette flate landskapet i Nordaust-England var han berre tilfeldig opphengd på himmelen, om han stod i aust eller vest var i grunnen eitt feitt. Sjølve byen Newcastle var skiten, merkt av kolfyring, trafikk og industri. Mange menneske, mykje uro. Eg tykte det var uvant og stressande. Så gjekk det likevel ikkje så lenge før ein oppdaga at her var også noko som var kjent. Folket var blide, imøtekomande og gjestfrie. Her var det kjærleik både til kultur og natur. Kom og sjå på dei gamle kyrkjene og borgene våre, sa dei. Lytt til songane våre. "Keep your feet still Geordie hinnie, lets be happy through the night." song dei, og slukte h-en i happy så det vart appy. Halvemål, med andre ord, akkurat som i våre bygder i tidlegare tider. Lytt til sekkepipa vår sa dei, ho er ulik den skotske. Ver med på folkedansane våre. Reis ut til kysten og gå på sandstrendene langs Nordsjøen. Sjå på bølgjene, ta med fiskestonga. Besøk fugleøyane våre. Reis til Lindisfarne, øya der dei første vikingane gjekk i land. Reis til Cheviot Hills, heimlandet til sjeviotsauene. Tykte så vi gjestene frå Noreg at dette vart mykje skryt og nasjonalromantikk. Nei tvert i mot. Nei, dette var interessant. Dette var ting vi ikkje kjende frå før. Det var ekte og uforfalska vare, servert til oss av menneske som var glade i sitt eige.
Vi skal gjere eit stort sprang, til Marokko. For 30 år sidan var eg der som turist. Vi var ikkje på dei mest kjende turiststadane. Reiste rundt i landet med landrover i 3 veker litt utanfor allfarveg, låg for det meste i telt og kom dermed folk litt nærare inn på livet. Litt for nært tykte eg av og til, der vi gjekk og kikka rundt husa deira og inni husa deira. Kjende meg til tider vel nysgjerrig. Marokko er temmeleg ulikt frodige Vestlandet. Men også her fann eg noko kjent. Også her fanst det folk som tydeleg var glade i landet sitt. Språket var rett nok ikkje så lett å forstå, men det finst andre måtar å uttrykkje glede og stoltheit over det ein har rundt seg. Smil og latter, gestikulering og geberder og ansiktsuttrykk kan og formidle kjensler. Kan ein bli glad i ein ørken, sand og støv, berg og stein. Eg trudde det ikkje før, men eg trur det no. Ei natt telta vi langt ute i ørkenen ut mot Atlanterhavs-kysten. Ein gjeng unge menneske frå England, Irland, Sverige, Japan og Noreg. Ein litt skrålete og skravlete flokk turistar som skulle få med seg mest mogleg på kortast mogleg tid slik turistar flest har for vane. Vi hadde så vidt fått opp teltet og var i ferd med å lage oss mat då han plutseleg stod der, geitegjetaren. Heilt stille. Berre såg på oss. Det var likevel tydeleg noko han ville. Så kom han nærare, drog fram ein plastpose han hadde under kappa, ein plastpose full av småsteinar. Han gjorde teikn til at han ville selje. Kan då dette vere noko spesielt? tenkte vi og sa vi oss i mellom. Og så var det akkurat det det var. Svært spesielt. Det var ikkje berre småsteinar, men pilespissar, tusenvis av år gamle, tilhogne av forfedrene hans. No ville han selje dette til oss. Og han stansa, tømde steinane utover eit klede, og vi leitte og plukka og betalte. Då handelen vel var over baud vi han på mat. Og det er eit bilete har sete spikra i minnet i alle dei 30 åra som har gått. Ein gammal mann med ansikt rukkete av sola. Blå kappe og enkle sandalar, gjetarstaven i sanden ved sida av seg, med ein av våre suppetallerkar i fanget. I eine handa ein brødbit. Den andre handa heldt han framfor brystet, forma som ei skål, skulle fange opp smulane når han åt. Og dagen gjekk mot kveld, ørkenhimmelen vart litt om senn farga raud. Mannen takka for maten, samla geiteflokken sin og vart borte bak sanddynene. Og så var natta der, heilt brått. Den heite, tørre dagen var forvandla til kjølig natt, og aldri har eg vel opplevd stjernehimmelen meir intens enn akkurat då. Eg tenkte på mannen som nyss hadde forlate oss, kor ulik hans kvardag var vår. Eg tenkte på dei fleire tusen år gamle pilespissane som vitna om menneske i kamp for tilværet der i Sahara. Dei var band som knytte han til sine tradisjonar og si historie. Og eg tenkte på solnedgangen og stjernehimmelen og naturen rundt i kring, og eg såg heilt klart. Dette var også noko å bli glad i. Det var ikkje berre sand, stein og støv. Det var ein del av Moder Jord som hyste menneske. Dette var også eit fedreland. Så attende til Noreg. Tidleg på syttitalet arbeidde eg på ei lita øy utanfor Bergen, eit nataskal av ein holme i Hjeltefjorden. Her vert du ikkje lenge, sa eg til meg sjølv då eg gjekk i land frå småbåten som frakta meg ut. Eg vart der i to år og treivst svært godt. Fem minutt tok det å gå tvers over øya. Lite tre, mykje lyng og bergrabbar, så heilt ulikt det eg var van med heimanfrå. Halve øya var gjennombora av tunnelar, gangar og bunkersar. Tyskarane hadde innteke øya under krigen. Dei hadde teke alle hus på eine halvparten av øya. Dei som miste husa sine måtte stue seg saman med dei som fekk behalde dei. Ungdommen vart liggjande på flatseng på lofta rundt omkring, og i følgje vertsfolket mitt førte det til mange ekteskap og store kull av krigsborn. Dei fleste mannfolka dreiv fiske. Dei var prega av si ferdsle på havet. Kompassretningane var godt innarbeidde. Når gamle Jakoben, skyssbåtføraren, skulle fortelje meg om ominnreiinga på butikken, fortalde han at smøret var no flytta nordom mjølet, og mjølka var komen vest om potetene. Her møtte dei mannjamt frampå butikken når varene kom med båt frå byen. Om dei måtte vente ein times tid før varene var utpakka og dei vart ekspederte gjorde lite. Her samlast dei i vegane søndagane, karfolket stod utover føremiddagane og prata. Om dei ikkje løyste verdsproblema i desse talestundene var det vel neppe dei som hadde skapt dei heller. Her var samhald. Då kommunen skulle presentere planane for gatelys på øya fekk dei klar beskjed. Dette er ikkje godt nok. Pedaren og Hermannen får ikkje, og då får det vere det same. Alle eller ingen. Og det var ikkje Pedaren og Hermannen som talte si sak. Og her ville øyfolket bu. Mange ville nok sagt at dei hadde det tungvint. Dei måtte i båt for kom kome seg til og frå og det fanst ikkje bilar på øya. Men dei hadde truleg likt det like lite som Elling Vanberg om deira heimstad, øya deira, skulle leggast ned. No har vi vore i Nord-England, i Marokko og på ei lita øy i Hordaland. Stadene eg har vitja er heller ulike, ein millionby, eit beduinarsamfunn og eit lite norsk fiskevær, men dei har likevel noko felles. Her finst menneske som er glade i naturen som omgir dei, her finst menneske som er glade i menneskja som omgir dei. Og dette er sjølvsagt ikkje spesielt for desse tre stadene. Vi kunne like gjerne teke utgangspunkt i andre byar eller andre bygder eller andre land, og vi kunne ta utgangspunkt i våre eigne bygder. Også her finn vi samhald og samkjensle. Også her finn vi glede over vakker natur. Eit av dei finaste utsiktspunkt eg veit om er frå tunnelopningen på Lote. Å sjå over til Hestenesøyra, Hyefjorden, Skjerdalen og fjella rundt er alltid ei stor oppleving. Ei helg skulle eg ein tur heim til Folkestad. Det var ein fredag i kveldinga. Eg sat på bussen og såg mot området rundt Hyefjorden. Det var ein gråversdag, tungt skydekke, skoddedottar som dreiv kring nes og i dalsøkk og eit fantastisk lys. Eg sat og leitte etter orda som kunne fange inn denne store naturopplevinga. På andre sida av midtgangen sat eit par jenter i 16-17 årsalderen. Dei hadde til no vore opptekne av det ungjenter vanlegvis er opptekne av når det lid mot helg. Dei snakka om gutar. Då kasta brått ei av dei eit blikk ut gjennom bussglaset. Det vart stilt eit par sekund og så kom det: Sjekk den stilige naturen. Det var vel neppe dei orda ein forfattar ville ha nytta i ei naturskildring. Men for meg verka det utruleg ekte. På sitt ungdommeleg vis, med sine ord, fekk dei fortalt at dette var noko utanom det vanlege også for dei. Som alt sagt: Naturen, rammene som omgir menneska varierer frå stad til stad, frodige vestlandsbygder mellom bratte fjell, nakne øyar ved kysten, flate sletter, karrige, og tørre og varme ørkenstrøk. Det vi tek inn med sansane våre, det vi ser og høyrer er ulikt, men gleda over det vi ser og høyrer er mykje godt den same. Det er ikkje vanskeleg for oss å kjenne glede over det vi ser rundt oss i dag, grøne marker, blomstrande frukttre, snøkledde fjell og blå himmel. Men kva er vakrast av eit Vestland i vårdrakt og ein einsleg plante som over natta slår ut i fullt flor i ei sandgrop i ørkenen? Det kjem an på augene som ser. Også på det menneskelege plan er mykje ulikt. Vi snakkar ulike språk, har ulike religionar og har ulike meiningar om mangt og mykje. Men menneska eg har snakka om har det til felles at dei er knytte til heimstaden sin. Her er sterke band til andre menneske, slekt og vener, grannar og yrkesbrør. Her har dei felles opplevingar i sorg og i glede, i kvardag og fest. Kanskje vi no etter kvart nærmar oss 17.mai. 17 mai er nasjonaldag, 17 mai er dagen for fedrelandskjærleik. Vi kunne for så vidt ha stansa her og ut frå det eg har fortalt konkludert med ein hyllest til fedrelandskjærleiken og nasjonaldagen, men kanskje vi skulle la tankane spinne litt meir rundt ordet fedrelandskjærleik. I den samanheng kan det vere freistande å smette inn eit lite sitat frå avisa Nordfjord som refererer frå 17.mai-feiringa på Sandane i 1906. Om nokon no tek til å meine at no vert han vel dryge han talaren der framme kan eg trøyste dykk med at det var verre før. I 1906 hadde dei ikkje mindre enn fem talar. Berre Høyr: Før prosesjonen velkomsttale av Hr. amtsdyrlege Sorterup, Hr. overlærer J.N. Kobberstad talte for dagen. Hr Ola Sande holdt en tale for Fedrelandet. Hr dr. Løken tale for kongen. Hr lærer Henden talen for Sthortinget. Og så ein liten korreks frå redaktøren: Kongesangen og kongetalen bør ifølge god skik til et andet aar blive No. 1. Det er saa i alle lande og alle selskaber. Eg får vel berre innrømme det. Det er ikkje kongen og Stortinget som får mitt hjarte til å vibrere av fedrelandskjærleik. Men kva er det då? Har fedrelandskjærleik med natur å gjere? Når eg er glad i Norge, er det Blåfjellet og Flotehamrane og Folkestadsetra eg er glad i? Er det Gloppefjorden? Er det utsikta frå Gjølsvorhøgda mot Hyen eller utsikta frå Ryssdalshornet mot Breim. Eller er det meir nasjonalt kjende stader som Lofoten, Rondane, Jotunheimen og Sørlandskysten? Kanskje er det ikkje landskapet men dyr og vekster vi er glade i. Rev og hare og hjort og rein. Bjørk og rogn, mose og lyng. I tilfelle det er naturen, kvar stansar kjærleiken til naturen? Stansar han ved grensa mellom vår bygd og grannebygda, ved kommunegrensa, fylkesgrensa eller ved grensene for landet? For nokre år sidan hadde eg gleda av å høyre ein tale av ei dame busett på Austlandet. Ho tok opp akkurat dette emnet. Når vi står i grensegata mellom Noreg og Sverige, er det då slik at tytebæra på norsk side er finare enn dei på svensk side? spurde ho. Kva med Trysilelva som vert til Klaraelva når ho kjem over grensa? Er vi gladare i Trysilelva enn i Klaraelva? Det er då same vatnet. At vi er gladare i ulvane når dei er på svensk side, det er vel så si sak og det skal vi ikkje ta opp her, men kva med elgen som streifar over grensa, og kva med ikornet, bryr vi oss mindre om det om det hoppar frå ei norsk grein til ei svensk? Og kva med rypene? Får vi varme kjensler for dei akkurat i det dei flyg over grensa til Noreg? Kan hende er det ikkje naturen, men menneska vi har rundt oss som gjer at vi er glade i Norge. Vi er glade i mor og far og sysken og slekta elles. Vi er glade i vener og venninner? Men kvar går grensene for kjærleiken til medmenneska? Er vi glade i grannane og bygdefolket? Er nordfjordingane glade i sunnmøringane og omvendt? Stansar gleda ved vestlendingane, eller tar vi med både sørlendingar, austlendingar, trønderar og nordlendingar? (Sjølv er eg gift med ei frå Hamar, så eg vi i alle fall ta med austlendingane.) Kanskje er vi glade i alle nordmenn, men stansar kjærleiken til medmenneska ved landegrensa? Kan hende er det korkje naturen eller menneska som gjer oss glade i landet vårt. Kanskje er det det menneska har skapt. Kulturlandskapet, bygningane, språket med alle dei frodige dialektane, songen og musikken, biletkunsten og litteraturen, eller det kan vere demokratiet, ytringsfridomen og solidariteten. Men er alt det menneskeskapte som vi trur er norsk, verkeleg norsk i opphavet? Når eg går i Vonheim og dansar gammaldans så dansar eg seksmannsril frå Skottland, reinlendar frå Tyskland pariser frå Frankrike. Alt saman er import, men det er så lenge sidan at vi gjerne trur det er rotnorsk. Skulle forresten ikkje forundre meg om pizza og lasagne om eit par tre generasjonar går for å vere norsk tradisjonsmat. Og språket vårt, er det så heilnorsk? Ordet bil kjem via Danmark frå det latinske automobil, ansikt er tysk og kiosk er opphavleg persisk. Mykje av det vi trur er norsk både i språk, kunst og skikkar har vi henta frå andre. Også når det gjeld det menneskeskapte får vi vanskar med å trekkje grenser mellom det norske og det utanlandske. La oss så vende tilbake til grensegata mellom Noreg og Sverige. Betyr det eg no har sagt om at det kan vere vanskeleg å trekkje grenser at vi berre skal la grensegata gro att, at vi skal viske bort desse raude strekane på kartet? Nei det meiner eg ikkje. Eg trur vi treng nasjonane. Det gjev oss tryggleik, det gjev oss identitet. Uansett kor mobile menneska er så treng dei aller fleste av oss ein stad å høyre til. Kvifor er det så mange sogelag rundt i kring i bydelane i dei store byane våre? Kvifor er mange norskamerikanarar så opptekne av gamlelandet endå det kan vere 100 år og meir sidan forfedrane vandra ut? Nei la grensene vere. Vi treng fedreland. Men tankane og ideane må få lov å vandre, og folk må få lov å vandre. Det har skjedd mykje i Noreg sidan 50-åra då eit nordfjordektepar på Folkestad var uvanleg, nærast eksotisk. Det har skjedd mykje sidan han bror Olav og eg låg bak bringbærbuskene og flirte av sykkylvingane som sa honder i staden for hondrede. Sist helg var eg i konfirmasjon til tvillingane til bror min på Folkestad. Ei kort oppsummering syner at næraste grannen til bror min i dag kjem frå USA. Ei av bestevenninnene til konfirmantane er halvt fillipinsk. Bestevenninna til yngstejenta er frå Bosnia. Og i småskulen gjekk sonen i klasse med ein gut der faren var frå Israel og mora frå Island. Alt dette i vesle Folkestadbygda.
Noreg har blitt eit opnare land. Vi kan ikkje stengje verda ute, og vi vil ikkje stengje verda ut. Og eg trur kontakten med omverda gjer noko med oss. Eg meiner den i mangt gjer oss rikare. Her i Hyen hadde de mange tamilar. Eg vil tru det gjorde noko med dykk både kunnskapsmessig og haldningsmessig, på same måten som haldningane til både born og vaksne på Sandane skule vert påverka av at vi no har 13 somaliske born og fire frå Afghanistan på skulen vår. Og etter ei rask oppteljing kom eg til at det i Gloppen i dag finst menneske frå minst 25-30 ulike land. Det er klart at desse menneska kan lære mykje av oss, og må lære mykje om oss etter som dei har valt å bu her, men vi kan også ha noko å lære av dei. Kanskje har dei idear og tankar som vi aldri sjølve ville kome på. Medan vi er inne på tankar. De har sikkert høyrt om tankeringen. Eidehøvdingen vart gravlagd på Ulvesbakken på Sandane på slutten av 400-talet. Alt den gongen hadde glopparane kontakt med folk og kulturar i heilt andre land. Då dei på slutten av 1800-talet grov ut denne haugen fann dei flotte klede som i farge og snitt minte om tyske klede. Dei fann gullmyntar prega i Konstantinopel, bitar av eit fargerikt glas som truleg kjem frå Syria og ein tankering som truleg er laga etter iranske eller afghanske modellar. Eg har teke med meg denne tankeringen, og det er eit spennande stykke tre. I heile verda finst det berre tre kjende slike konstruksjonar. Ein frå Afghanistan, ein frå Iran og ein frå Sandane. Og når du får ein slik ein handa så er det ikkje berre hendene som går, også tankane går. Korleis er han laga, korleis kunne dei få det til? Konstruktøren i oss vert utfordra. Men ikkje alle bryr seg så mykje om korleis. Somme er meir opptekne av det kunstneriske. Det er då reine skulpturen, seier dei. Og ikkje berre einskulptur. Etter som du endrar på han ser du stadig nye former. For borna er dette eit spennande leiketøy. Dei er ofte fingernæme, og lar dei fire bitane han er samansett gli rundt til stadig skiftande former. Eit spennande trepuslespel. For meg som er lokalhistorisk interessert er dette også ei spennande sak. Tankeringen dei fann er av lokalt trevirke, men korleis kom ideen til Gloppen? Var glopparar til austlege land, eller kom folk derifrå til oss? Ein eller annan form for kommunikasjon har det vore, men vi veit ikkje korleis. Kanskje vandra tankeringen i fleire etappar langs handelsvegane på den tida. Då dei fann tankeringen i grava var han open og plassert slik at han truleg har lege over hjarteregionen til høvdingen. Det har fått forskarane til å tru at han kanskje har hatt ei religiøs eller mytisk tyding. Og no skal ein modell av tankeringen stillast ut på Heradsplassen på Sandane, på ein sokkel av konglomeratstein her frå Hyen. Det skal bli spennande å sjå han, og eg trur mange kjem til å undrast over kva dette er for noko. Det som opphavleg var eit enkelt stykke tre, men som ikkje er så enkelt likevel, kan få tankane til å yngle. I det heile gjorde vi vel rett i å tenkje litt meir i vår travle tid. Tanken er i grunnen kjekk å ha. Han er ein forunderleg reiskap, lett å ta med og brukande til så mangt. Billeg i drift er han og. Det er tanken som i desse minutta har hjelpt oss til å reise både i vårt land og til andre land og verdsdelar. Ved hjelp av tanken flytter vi oss lett fram og tilbake både i geografien og i tida. Ved hjelp av tanken og tankens medhjelpar talen, kan vi få vere gjester i kvarandre sine sinn, slik har de fått vere gjester i mitt sinn ei lita stund. Tanken stiller mange spørsmål, men gjev ikkje alltid like mange svar. Det er vel det Elling Vanberg er inne på i dette vesle diktet, eit ettertankens dikt, som eg vil avslutte med: Vara Då vil eg takke for meg. Takk for at de høyrde på og god spekulering! Utskriftsvenleg versjon i wordformat >>> |